Informasjon om ny ordning for kjeldesortering og nye avfallsdunkar

Nå blir det kjeldesortering i Suldal! Det betyr at alle husstandar skal ha 4 avfallsdunkar.

Kva tid kjem endringa?
Abonnentar som får dette brevet vil få nye dunkar i løpet av juni månad, og me ber om at dei vert tatt i bruk når dei er på plass. (Den gamle dunken blir henta inn kort tid etter).

La den gamle dunken stå ute ved tømmestaden etter at den er tømt i veke 23 eller 24 slik at det vert lettare for sjåførane å sjå kven som skal ha nye dunkar og hente den gamle inn.

Fire avfallsdunkar

  • ein 140 l dunk for restavfall (grått lokk)
  • ein 240 l dunk for papiravfall (grønt lokk/grønt klister på lokket)
  • ein 140 l dunk for matavfall (brunt lokk/brunt klister på lokket)
  • ein 140 l dunk for glasemballasje (oransje lokk)

I tillegg vil du få ei korg til å ha matavfallsposen i inne i kjøkkenskapet, og 2 rullar med posar til matavfall. Bruk posane med omhug. Når du treng fleire posar kan du knytte ein tom matavfallspose på lokket på matavfallsdunken før neste tømming. Då vil sjåføren legge ut ein ny rull med posar til deg. Du kan og få posar på gjenvinningsstasjonen.

Renovasjonen

Tømming av dunkane for matavfall og restavfall vil bli utført med to-kammerbil. Det betyr at renovasjonsbilen tømmer både restavfallsdunken og matavfallsdunken samtidig. Avfallet blir tømt i kvart sitt adskilte kammer i bilen.

Papp- og papirdunken og dunken for glasemballasje blir tømt av kvar sine bilar.

Tømmefrekvensen blir slik:

  • Restavfall kvar 2. veke
  • Matavfall kvar 2. veke
  • Papir kvar 6. veke
  • Glasemballasje kvar 8. veke

Korleis sorterer eg?

Brosjyre om kva du kan kaste i dei forskjellige dunkane er vedlagt, sjå elles sortere.no eller ivarryfylke.no

Treng du annan størrelse på avfallsdunkane?

Restavfall: Standard størrelse for restavfall er 140 l dunk, men du kan ha 240 l mot et ekstra gebyr på rundt kr 1400,- pr år. IVARs toppmoderne ettersorteringsanlegg på Forus sorterer restavfallet for deg.

Papiravfall: Standard størrelse er 240 l, men du kan bestille mindre dunk, eller fleire dunkar uten at gebyret blir endra.

Matavfall: Standard størrelse 140 l, men du kan bestille fleire dunkar uten ekstra kostnad.

Glasemballasje: Standard størrelse på 140 l.

Ønsker du anna volum enn det som er standard, ta kontakt med oss på e-post eller telefon.

Du kan bytte størrelse på dunken/dunkane utan å betale byttegebyr i 3 mnd etter at du har fått utlevert nye dunkar.

glassemballasje

Heimekompostering
Alle abonnentane våre i Suldal får utplassert dei same 4 avfallsdunkane. Hjå dei som har ordning med heimekompostering og difor ikkje treng den brune matavfallsdunken, vil me hente inn matavfallsdunken igjen så snart me kan. Dette skjer automatisk. Vennlegast ring oss om du er registrert med ordning for heimekompostering og no vil gå over til å ha matavfallsdunk.  Me vil også informere om at dykk som har kompost og tømming av restavfallsdunken kvar 4. veke no vil få tømming av dunkane kvar 2. veke (tømming kvar 4. veke vil bli avslutta frå 01.07.2021).

Kompost i hånd

Tømmeapp
Last ned tømmeappen IVAR Renovasjon Ryfylke og få varsel på mobilen når dunkane skal tømmast. I appen finn du også annan nyttig informasjon.

Mobil i hånd

 

Renovasjonsgebyr

No når du får 4 avfallsdunkar er gebyret for desse det same som det ein 240 l restavfallsdunk kosta tidlegare. Sjølv om volumet til restavfallsdunken er blitt mindre (den du får er på 140 l),

er totalvolumet for alt me hentar heime hjå deg mykje større. Det er størrelsen på dunken for restavfall som bestemmer kor stort renovasjonsgebyret blir. Renovasjonsgebyret vil bli delt opp i en fast og ein variabel del. Den faste gebyrdelen er lik for alle abonnentar.  Du vil få faktura med den nye gebyrmodellen fra 2. termin 2021.

 

Redusert gebyr om du komposterer

Vi oppfordrar også innbyggjarane våre til å kompostere matavfall. Om du vel å kompostere alt matavfall i ein kompostbehaldar (varmkompostbinge eller bokashi) som er godkjent av IVAR Renovasjon Ryfylke, og samtidig ikkje vil ha den brune dunken for matavfall, gir IVAR Renovasjon Ryfylke reduksjon i renovasjonsgebyret. Sjå etter Hjemmekompostering i menyen på www.ivarryfylke.no Du finn meir informasjon på IVAR Renovasjon Ryfylke sine nettsider; www.ivarryfylke.no

Her er tømmekalender som gjelder fra 01.07.2021. (PDF, 610KB)

 

Helsing IVAR Renovasjon Ryfylke