Informasjon om ny ordning for kjeldesortering og nye avfallsdunkar

Alle husstandar i Suldal skal nå ha fått 4 avfallsdunkar.

Dei fire avfallsdunkane er:

  • ein 140 l dunk for restavfall (grått lokk)
  • ein 240 l dunk for papiravfall (grønt lokk/grønt klister på lokket)
  • ein 140 l dunk for matavfall (brunt lokk/brunt klister på lokket)
  • ein 140 l dunk for glasemballasje (oransje lokk)

I tillegg har du fått ei korg til å ha matavfallsposen i inne i kjøkkenskapet, og 2 rullar med posar til matavfall. Bruk posane med omhug. Når du treng fleire posar kan du knytte ein tom matavfallspose på lokket på matavfallsdunken før neste tømming. Då vil sjåføren legge ut ein ny rull med posar til deg. Du kan og få posar på gjenvinningsstasjonen.

Renovasjonen

Tømming av dunkane for matavfall og restavfall vil bli utført med to-kammerbil. Det betyr at renovasjonsbilen tømmer både restavfallsdunken og matavfallsdunken samtidig. Avfallet blir tømt i kvart sitt adskilte kammer i bilen.

Papp- og papirdunken blir tømt av ein egen bil.

Tømmefrekvensen blir slik:

  • Restavfall kvar 2. veke
  • Matavfall kvar 2. veke
  • Papir kvar 6. veke
  • Glasemballasje  - Viktig info: Denne må du sjølv bestilla tøming av på nettsida www.hentavfall.no.

Korleis sorterer eg?

Brosjyre om kva du kan kaste i dei forskjellige dunkane er vedlagt, sjå elles sortere.no eller ivarryfylke.no

Treng du annan størrelse på avfallsdunkane?

Restavfall: Standard størrelse for restavfall er 140 l dunk, men du kan ha 240 l mot et ekstra gebyr på rundt kr 1400,- pr år.

Papiravfall: Standard størrelse er 240 l, men du kan bestille mindre dunk, eller fleire dunkar uten at gebyret blir endra.

Matavfall: Standard størrelse 140 l, men du kan bestille fleire dunkar uten ekstra kostnad.

Glasemballasje: Standard størrelse på 140 l.

Ønsker du anna volum enn det som er standard, ta kontakt med oss på e-post eller telefon.

Du kan bytte størrelse på dunken/dunkane utan å betale byttegebyr i 3 mnd etter at du har fått utlevert nye dunkar.

glassemballasje

Heimekompostering
Alle abonnentane våre i Suldal får utplassert dei same 4 avfallsdunkane. Hjå dei som har ordning med heimekompostering og difor ikkje treng den brune matavfallsdunken, vil me hente inn matavfallsdunken igjen så snart me kan. Dette skjer automatisk. Vennlegast ring oss om du er registrert med ordning for heimekompostering og no vil gå over til å ha matavfallsdunk. 

Kompost i hånd

Tømmeapp
Last ned tømmeappen IVAR Renovasjon Ryfylke og få varsel på mobilen når dunkane skal tømmast. I appen finn du også annan nyttig informasjon.

Mobil i hånd

 

Redusert gebyr om du komposterer

Vi oppfordrar også innbyggjarane våre til å kompostere matavfall. Om du vel å kompostere alt matavfall i ein kompostbehaldar (varmkompostbinge eller bokashi) som er godkjent av IVAR Renovasjon Ryfylke, og samtidig ikkje vil ha den brune dunken for matavfall, gir IVAR Renovasjon Ryfylke reduksjon i renovasjonsgebyret. Sjå etter Hjemmekompostering i menyen på www.ivarryfylke.no Du finn meir informasjon på IVAR Renovasjon Ryfylke sine nettsider; www.ivarryfylke.no

 

Helsing IVAR Renovasjon Ryfylke